Det er igjen tid for folk å samlast og ha fine opplevingar saman på Gamalostfestivalen.
Velkommen til Gamalostfestivalen 2024.
Meir informasjon om Gamalostfestivalen 2024 kjem etter kvart
Følgjande personar vann lodd trekkinga for Gamalostfestivalen 2023
Lodd nr 1468 - Grete Morgensen Grønningsæter
Lodd nr 1316 - Fritjof Helgesen
Lodd nr 836 - Gro Heimdal
Lodd nr. 1173 - Halldis Sletten Olsen
Lodd nr 124 - Oskar Fosse
Festival prgrammet under er enda ikkje oppdatert for Gamalostfestivalen 2024.
Kom tilbake på eit seinare tidspunkt for oppdatert program.
Påmelding, informasjon og anna som gjeld for Gamalostfestivalen 2023.
Frukost og utedans er og flytta til Blixhalli.
I år er det 27. gong festivalen blir arrangert. Me håper på godt ver og like god stemning som dei andre åri.
Det er Vik Idrettslag som formelt står for festivalen. Bak festivalen er eit styre som er sett saman av representantar for idrettslaget, ungdomslaget, musikklaget, songlaget, TINE Vik Meieri, Vik Næringssamskipnad og Gamalostlaget.
Inntektene frå festivalen går tilbake til lagi i Vik.
Innhaldet i festivalen er mykje likt frå år til år, og programmet i 2023 er mykje slik det var i 2022.
Programmet finn de på denne heimesida. Det heile startar på fredag med Kulturkvelden i Vikjahalli, med to førestillingar. Programvert i år er Ingvild Bryn, vossajente og vel kjend frå Dagsrevyen. Med seg på Kulturkvelden har ho mange aktørar.
Laurdag har eit rikhaldig innhald som byrjar med frukost på Kommuneplassen. Då vil Vik Musikklag spela, Sogn Sparebank deler ut gåver og Årets idrettsutøvar blir annonsert. I fjor var det Marte Hovland som vann, ho spelar fotball på damelaget til Sogndal, men er og ein av dei beste løparane i Noreg i sin årsklasse.
Av programmet elles nemner me konsertane i Hove steinkyrkje fredag- og laurdagskvelden. Dans i Vikjahalli og på Blix hotell, utekonsert på Nyetorget, underhaldning ved meieriet og i Kristianhus, torgsal og mykje meir.
Tusen takk til våre hovudsponsorar: Sogn Sparebank, Vik kommune, Statkraft, TINE, Sygnir, Coop, Spar og Blix hotell.
I år er det slik at billettsalet skjer på nett eller ved inngangen. For å vera sikra billett, er det lurt å kjøpa på førehand. Fylg instruksjon og lenke for førehandstinging.
Kontakt: Lars K. Hansen via epost: support@gamalostfestivalen.no