Om å elska Gamalost i drabantbyen Oslo.

Ragna Kronstad er senior kommunikasjonsrådgjevar og agronom i miljøorganisasjonen Sabima. Etter at ho gjekk på den økologiske landbruksskulen i Aurland, og utdanna seg til økologisk agronom, tok ho også journalistutdanning. Ho har tidlegare vore kommunikasjonssjef i Norges Bondelag og Oikos-Økologisk Norge. Ho har sine spalter i avisa Nationen, der ho også prøver å ta vare på gamalosten i norsk matkultur. I tillegg er ho noko så spesielt som ”bybudeie” ved det einaste ysteriet i Oslo, på Bygdøy Kongsgård. Ho brenn for biologisk mangfald, og mat som er dyrka i samspel
med naturen sine føresetnader og krefter.

Med oppvekst i Groruddalen, utan bondebakgrunn i familien, har ho oppdaga norsk landbruk frå utsida, og vorte oppteken av norsk matkultur på bakgrunn av det ho har fått smaken på, mellom anna Gamalost. Før åt ho Jarlsbergost på matpakken i 20 år. Etter kvart som ho oppdaga Gamalosten, oppdaga ho også at Gamalosten diverre ser ut til å vera på veg ut frå ostebordet. Ho seier: ”Vi må jo ha ryggrad nok til å stole på at vi, som en gang var en gamalostspisende nasjon, kan bli det igjen.”

Er du einig i det, er det berre å melda seg på fagseminaret. Er du ikkje einig, er det endå større grunn til å melda seg på.