Det er 200 år sidan Åsmund Olavson Vinje vart fødd - og minst 1000 år sidan gamalosten såg dagsens ljos. Gamalostfestivalen og Vik Ungdomslag feirar begge med ein festkveld i Vikjahalli. 

Vinje - ogso kalla «Dølen» - har gjeve oss ei blomstereng av vakre og folkekjære songar: Blåmann, Blåmann, bukken min, Tytebæret oppå tuva, Ved Rondane, Den dag kjem aldri og mange fleire.

Vik UL har plukka fritt og freidig og sett i hop ein musikalsk blomekrans til æra for jubilanten og til glede for seg sjøl og publikum.

Einar Bolstad - den store røysta frå Hafslo- kjem på scena med m.a. «Våren», så knoppar sprett og vinterkalde hjarta smeltar som smør - akkompagnert av Bjørn Tore Årøy

Andre Vinje-klassikarar vert framførde av blandakoret Blåmann, damekoret Drosi, mannsskoret Dølen, Ragnar Hove - og dei sagnomsuste Gygrene!

Men kvelden ville ikkje vore heil og komplett utan gamalosthovding Jens og hans spesielle gjest i år: Ragna Kronstad, agronom, journalist og kongsgardbudeie!

Kulturprogrammet vert vakkert ramma inn av Gamlekara, som strør ut sitt tonegull ein god halvtime før programstart, og spelar opp til ein svingom etter siste framsyning.

Billettar til kr 250,- vert lagt ut for sal i Ostebaren på Vik Meieri frå 12. mai.

 

Portrett av forfatter Aasmund Olavsson Vinje.jpg