Den tradisjonelle Gamalostfrukosten er tilbake også i år.

Det blir musikalsk underhaldning frå fleire scener rundt omkring i sentrum.

Andreas Bjørkås og Jon Faukstad er to av dei aller fremste folkemusikarane i landet. Dei kjem til Hove kyrkje og Gamalostfestivalen for å føra fram eit variert program.

Andreas Bjørkås spelar fele og fiolin, og har vunne høgste klasse i Landskappleiken fleire gonger. I 2013 vann han endåtil kongepokalen under Landskappleiken. Til dagleg underviser han på Noregs Musikkhøgskule i Oslo.

Jon Faukstad har også undervist ved Noregs musikkhøgskole i mange år, og i år 2000 vart han utnemd til professor i trekkspel. Jon Faukstad er særleg glad i instrumentet Akkordeon. Dette er trekkspel med melodibass i staden for standardbass. Dette gjer det råd å spela meir avansert musikk enn med standardinstrumentet. Førre haust heldt Jon Faukstad og Sven Nyhus konsert for eit fullstappa ungdomshus i Feios. No kjem Faukstad att for å spela i lag med Bjørkås på Gamalostfestivalen.

Me trur det blir kamp om stolane i Hove kyrkje, så det er berre å kjøpe billett hjå Ostebaren så snart som råd.

Blix hotell inviterer til diskotek! Ta på satengskjorta og rist laus!

18 års aldersgrense, førehandssal av billettar på hotellet.

Musikkgruppa Folk Flest frå Luster opplever ein voldsom suksess på konsert etter konsert. I år er dei klare for Gamalostfestivalen og Blix hotell. Så likar du country og irsk musikk er Blix hotell plassen for deg denne kvelden.

Blix hotell steller i stand i lag med Vik IL fotball. 20 års aldersgrense, førehandssal av billettar på hotellet.