Andreas Bjørkås og Jon Faukstad er to av dei aller fremste folkemusikarane i landet. Dei kjem til Hove kyrkje og Gamalostfestivalen for å føra fram eit variert program.

Andreas Bjørkås spelar fele og fiolin, og har vunne høgste klasse i Landskappleiken fleire gonger. I 2013 vann han endåtil kongepokalen under Landskappleiken. Til dagleg underviser han på Noregs Musikkhøgskule i Oslo.

Jon Faukstad har også undervist ved Noregs musikkhøgskole i mange år, og i år 2000 vart han utnemd til professor i trekkspel. Jon Faukstad er særleg glad i instrumentet Akkordeon. Dette er trekkspel med melodibass i staden for standardbass. Dette gjer det råd å spela meir avansert musikk enn med standardinstrumentet. Førre haust heldt Jon Faukstad og Sven Nyhus konsert for eit fullstappa ungdomshus i Feios. No kjem Faukstad att for å spela i lag med Bjørkås på Gamalostfestivalen.

Me trur det blir kamp om stolane i Hove kyrkje, så det er berre å kjøpe billett hjå Ostebaren så snart som råd.