Kva er bra med Gamalost, og kva betyr Gamalost frå Vik for Vik? Me inviterer ulike gjester på scena for å få meir kjennskap til den fantastiske osten. Det nyoppstarta Barnekorpset i Vik vil spele, og deltakarar frå UKM og Kulturskulen vil opptre med innslag.

Følg med på Facebook (@Gamalost) og oppslag i sentrum for tidspunkt.

Barnehagar og skular i Vik er invitert til konkurranse om å modne Gamalost. Me kårar ein vinnar frå scena.

Del ditt bilete med Gamalost på Instagram og merk med #gamalostfestivalen. Det vert kåring av beste bilete. Følg også @gamalostfravik på Instagram for oppdateringar om den fantastiske osten vår!

Mot slutten av programmet spelar Dixilanders.