Den tradisjonelle Gamalostfrukosten er tilbake også i år. Som i fjor er prisen rimelege kr 25,- pr snute. Inntektene går til lag og organisasjonar. Framleis sponsa av TINE. 

Medan du kosar deg med frukosten spelar Vik Musikklag frå scena. Etter kan du besøkja bodene langs naustrekkja i fjøra. Ved Kristianhus er det bilutstilling. BMW-klubben og Bobleforeininga stiller ut doningane sine.