Arne Inge Sæbø  tek oss med ein runde rundt Vikøyri. Han fortel historiar og soger om husa og strandsitjarane som budde der. Turen startar ved Kaikanten.

Idrettslaget byr inn til den tradisjonsrike Vikjastafetten.

På Tenål skal det avdukast ei tavle med informasjon om stavkyrkja som stod der for fleire hundre år sidan. Avdukingi vil finna stad sundag 20. mai kl 17.00.

Norsk Gamalostlag held tingsete i lavvoen i Bø.

Quizmaster Jarle Kristensen byr inn til ny quiz på Blix hotell. I påska var det "trakkande fullt", blir det like mange i pinsen og Gamalostfestivalen?