1800: Hove kyrkje - Konsert

Det vert som vanleg konsert i Hove kyrkje på fredagen under Gamalostfestivalen, kl 1800 og 2030. Då vil ein få med seg både Kulturkvelden i Vikjahalli og konsertane i kyrkja, begge stader er det to førestillingar. Konserten har fått tittelen Til deg! Tittelen er henta frå songen med same tittel av Marthe Wang, og denne vil bli framført på konserten. Temaet er elles vidt og femnar om mykje.

Robert bind saman programmet og fortel litt mellom kvar song.

Lars Einar Bakketeig spelar orgel og Robert Kvam på trompet. Dei får med seg gjester, ein av dei er Alf Tore Hommedal som skal syngja. Av programmet kan me nemna Amazing Grace, You raise me up, Himlen i min favn og Nocturne.

Arrangør: Vik kyrkjekontor

 

Hove

Robert