2030: Vikjahalli - kulturkveld

Fredag 2. juni inviterer Vik Ungdomslag til festførestilling og kabaret i Vikjahalli, med tittel «Kom te Vestlandet!». Viser og vers av Ottar Wiik er ein stor del av programmet og vert framførde med innleving og bravur av m.a. Einar Bolstad, damekoret Gygrene, sjømannskoret Brage, blandakoret Kor 1, Ragnar Hove og Ottar Wiik.

I tillegg stiller fire unge talent frå Vik med m.a. ein kjend vinnarmelodi om Vestlandet! Me får og eit venleg skråblikk på «dei reisande» - ogso kalla splint - i ord og tonar. Og so kjem prominente gjester for ein liten prat med gamalosthovding Jens i fullt ornat.

Som vanleg spelar Gamlekara smektande tonar ein god halvtime før kvar forestilling. Det er lagt opp til to førestillingar: kl 18:00 og 20:30. Etter siste førestilling spelar Gamlekara opp til dans.

Billettar til kr.250,- vert lagt ut for sal i Ostebaren på Vik Meieri frå laurdag 27.5.

Høyr Einar Bolstad og Kor 1 syngja Sogn og Fjordane-songen så sjølvaste Sanner må ta til tårene!

Velkomen til ein festkveld for gamalosten, Sogn og Fjordane - og Vestlandet!

Kulturkveld