2200: Olav Stedje på Blix hotell

Fredag 2. juni 2017 spelar sjølvaste Olav Stedje opp til konsert/dans på Blix hotell.
Førehandssalet har starta; - billettar får du kjøpt på Blix hotell. Inngang kr 250,-
20 års aldersgrense.

Vik IL ski og skiskyting, i samarbeid med Blix hotell, har gleda av å invitere til dans/konsert på Blix hotell.

Olav Stedje vart fødd i Sogndal i 1953. Han har gjeve ut mange plater og vore med i MGP tre gonger, i 1983, 1985 og 1987. Debutalbumet kom i 1981, Ta meg med, då hadde han gruppa Lava med. I 1982 fekk han Spellemannsprisen. Olav syng på nynorsk og fekk Medaas-prisen i 2008 for å nytta dialekten sin og målbera lokal kul-tur. Olav har turnert med Radio Røynda saman med Halvor Folgerø og Finn Tokvam. Hausten 2007 var han på revyscenen i Bergen i «Vestlandsrevyen» med Halvor og Finn i tillegg til Ragnar Hovland og Claus Sellevoll. I 2011 fekk han Lutt sin heiderspris.

Mest kjend er vel Olav for Vi vandrar saman, Stao no pao og Når ho er hjå meg. Truleg får me høyra desse songane og andre på konserten på Blix hotell.

Sagt om Olav Stedje:
(Henta frå nettsida til Fres Festival, som Olav Stedje vitja i 2016, med stor suksess)

«Verdas mest joviale soft rock-ikon Olav Stedje har drive på ei stund. Månader har blitt til år sidan han introduserte barten og den fantastiske stemma til eit begeistra publikum med debuten Ta meg med i 1981. Gjennom 80-talet leverte han ei rekkje glitrande album som sette han skulder ved skulder med dei største yachtrockarane frå den amerikanske vestkysten som Michael McDonald, Kenny Loggins og Bill Champlin…..Sidan starten har Olav haldt utrøytteleg fram med innspelingar og konsertar, og stemma er framleis like fantastisk som den var for 35 år sidan.»

Olav Stedje