0930: Kommuneplassen - Frukost

Den tradisjonsrike frukosten framfor kommunehuset. 

Maten blir servert frå 4 matstasjonar. Frukosten kostar 25 kr pr person, altså veldig rimeleg. Inntektene går til lag og organisasjonar som er med og organiserer Gamalostfestivalen.

Hovudsponsor av frukosten er framleis TINE, assistert av av Coop.

Velkomen til Gamalostfrukosten!

Frukost

0930: Musikalsk underhaldning ved frukosten

Vik Musikklag byr på musikalsk underhaldning til frukosten.

Vik Musikklag

1000: Bilmønstring - Kristianhus

BMW car club Norway Sogn og Fjordane inviterer til det tradisjonsrike treffet ved Kristianhus laurdag kl 1000. Også utstilling av andre bilar.

Ansvarlege: Trym Odne Haugen og Eivind Wadel, tlf Trym 91 79 39 22.

Bilmønstring

1030: Høgdegalla

Høgdegalla på kommuneplassen.

«Det leiande høgdestemnet i landet» (NRK)

«Stemninga er intim, intens og mildest sagt fantastisk. (...) Høgdegallaen er sannsynligvis tidenes beste sportsarrangement i Vik» (Sogn Avis)

«Uansett NM eller Europacup, dette er den beste arenaen eg har konkurrert på. Publikummet er berre fantastisk og dei er så tett innpå oss». (NM-vinnar Brede Raa Ellingsen)

«Det einaste som kan hindre meg i å kome attende til Høgdegallaen i Vik neste år er ein broten fot!» (NM-vinnar Ivar Kristoffer Nilsen)

Høgdegalla

1100: Fiskekonkurranse

Fiskekonkurranse for dei yngste på dampskipskaien.

 Fiskekonkurranse

1200: Musikalsk underhaldning

Musikalsk underhaldning ved Meieriet og elles i sentrum.

Musikk

1800: Ragnhild Hemsing i Hove kyrkje

Ragnhild Hemsing er ein av våre aller fremste klassiske fiolinistar. I tillegg er ho ein drivande god hardingfelespelar. Då norsk kulturliv skulle spandera på seg jubileumsfeiring av sjølvaste Ole Bull, vår største fiolinist av internasjonalt format, fall valet på Ragnhild Hemsing. Ho skulle framføra Ole Bull sin musikk for oss, i vår tid. Ho har vore gjesteartist og solist ved alle dei største norske festivalane og konserthusi. Tilsvarande oppdrag har ho også hatt i dei største europeiske byane, og prisar har ho fått, alt frå fyrstepris i europeisk fiolinkonkurranse, til Arve Tellefsen sin Musikarpris. Alt dette fordi ho er så dyktig og allsidig, både i folkemusikk og klassisk. Med andre ord: Dette er eit heilt spesielt høve til ei storveges oppleving på våre kantar.

Fiolinen hennar er frå det superdyktige fiolinbyggjarmiljøet i Cremona i Italia. Byggeåret er 1694. Eit slikt instrument, kombinert med akustikken i den endå eldre Hovekyrkja, må nytast med eigne sansar. Kvifor er me så heldige å få Ragnhild Hemsing hit på Gamalostfestivalen? Det heng saman med den spennande hageporten på nedsida av riksvegen i Djuvik, der du ser to uthogne fuglar i gråstein. Fuglane er Hugin og Munin frå norrøn mytologi. Bak denne porten held nyleg pensjonerte ambassadør, Ragne Birte Lund til. Ho har sterke slektsrøter i Djuvik. Ho er gift med fysikar Anup frå India. Midt i frukt- og fjordlandskapet har dei bygd opp ein kulturhage; ein stad for inspirasjon og kreativt tilvære. Einaste sonen deira, Ånun, elska klassisk musikk og Djuvik. Han omkom i ei skiheisulukke i Sveits, 10 år gamal. Foreldri oppretta etterpå eit minnefond til støtte for barn og unge i deira talentutvikling innan musikk. Så langt er det delt meir enn 1,5 mill kroner. Mellom talenti er Hemsingsystrene, Ragnhild og Eldbjørg. Såleis har Ragnhild hug å gje oss att ei konsertoppleving for den støtta ho fekk som ung jente.

Om de får auga på Hallgrim Hansegård, den sprelske leiaren for Frikar, under Gamalostfestivalen, så er det ektemaken til Ragnhild Hemsing. Dei har ei liti jente som heiter Thea. Dei hadde ynskje om å ta dette som ein familietur, til Gamalostfestivalen. Me tek sjølvsagt vel imot dei.

Omlag 99 % av all musikken me høyrer til dagleg kjem ut av ein høgtalar. Den ekte akustiske tonen, utan forsterking og filtrering gjennom høgtalar, er heilt mangelvare. I Hovekyrkja får me oppleva dei flottaste akustiske fiolintonar. Ragnhild Hemsing er ikkje berre Ole Bull sin stedfortredar. Ho har sin eigen varme og klangfulle Hemsingtone, i ekte tapping, i eit konsertrom som har så ideell etterklang, at det foredlar tonen. Vår tidlegare organist i Vik, James Reed frå England, er no vikarorganist på Voss. At han er langt over gjennomsnittet dyktig organist, har me høyrt med eigne øyrer i Vikjakyrkja. Han kjem for å akkompagnera Ragnhild. Han spelar på kisteorgelet som vart innkjøpt til Hovekyrkja i Øivind Netland si tid som organist. Orgelet er betalt med pengar som bygdefolket samla inn. No får me att for pengane, i form av musikalsk nyting.

Konsertdagen er pinseafta. Frå kl 1700 til 1800 ringjer klokkene i Vik kyrkje inn pinsehelgi, med ringing og kiming av den tusen år gamle Magnushymnen frå Orkenøyane. All ringing er med muskelkraft, slik det har vore gjennom alle år. Kl 1800 overtek den gamle ”Madagaskarklokka” på Hove, og ringjer 3 minutt før konserten med Ragnhild Hemsing og James Reed. Kl 2030 ringjer Hoveklokka på nytt i 3 minutt til den siste Hemsingkonserten. Velkomne!

Billettpris kr 250 To born kan gå på ein billett. Vert det trongt, må dei sitja på same stolen. Billettsal på Vik Meieri.

Ragnhild Hemsing

2030: Ragnhild Hemsing i Hove kyrkje

2200: Vikjahalli - Dans

Dans med Pryl i Vikjahalli.

Pryl