2000: Gamalostting på Ramberstølen

På Ramberstølen til Åsa Tenold, sundag 4. juni kl 1900 (Frammøte Kiosken på Øyri kl 18.30 for felles transport)

Påmelding Ostebaren 57 67 79 00 innan fredag 2. juni Dette er årsmøtet i Norsk Gamalostlag, med kortvarig møtedel og stor kulturdel, matkultur medrekna. Matserveringi er rummagraut kokt av Åsa, og økologisk spekemat frå Vikja. I tillegg byr Meieriet på ein spennande smaksprøve av ein gamalostkombinasjon. Frå Rambærstølen er det makalaust utsyn utover bygdi. For dei som vil spara på føtene, er det køyreveg heilt til grindi, og flat stølsvoll med 10 meter ganga til dørstokken. For dei som vil gå på seg litt matlyst, kan dei parkera på Skorge og gå ein knapp halvtime på grusveg til støls. Vegen vert merkt med sløyfer av svart Gamalostpapir, slikt som Gamalosten ligg innpakka i i butikken.

Her er sjølvsagt straumlaust som det sømer seg på ein skikkeleg støl. Såleis vert all kulturen analog. De får høyra den siste levande budeia frå Vikafjellet, ikkje som feleslått, men som ein oppegåande person. Det er Olav Arnar Bø som fortel om stølsdrifti på garden deira. Dei mjølka geiter og ysta ost i Skjelingen så seint som i dette årtusen. Ragnar Hove er kanskje den einaste gamalostkokaren i bygdi som ystar på gamlemåten, i eldhuset på Hove, og under Gamalostfestivalen på Øyri. Han har gått i læra hjå Lussi Åse og Anna T Åse, pluss samla opp nyttige triks og lærdom frå Klara Otterskred og andre tidlegare stølsbudeier. Kva kunnskap sit han inne med? For Norsk Gamalostlag er denne kunnskapen minst like viktig som den kunnskapen Tine brukar på meieriet. Gamalosten har absolutt sine ”dialektar.” For Norsk Gamalostlag er dette det aller viktigaste me må ta vare på. Ragnar fortel om prosessane. Per Henning Liljedahl og Joanna Tenold fortel om muggsoppen på meieriet, og kva dei gamle budeiene leitte etter ute på fjellmyrene, då dei sanka storr (starr er nemningi i floraen) for å ha noko luftig å setja osten på, så mugget kom til frå undersida også, - og kvar kom muggen frå?

For dei som har levd så lenge at dei har opplevd skikkeleg stølshelg, med heile grendi samla, mjølkemat i overflod, og mylsestyng på heimveg, så er det nett dette me prøver å gjenskapa. Før me snur på heimveg får me mylsa, kokt på Meieriet Kom til stølshelg på Ramberstølen. Prisen er 300 kr, mylsestyng medrekna.

Jens Brekke