Konsert Hove kyrkje

Tore Brunborg og Irene Tillung

Tidspunkt for arrangement: 19:00, 4. juni 2022
Festival program

Musikalsk meistermøte med saksofon og trekkspel

Bill.: 250 kr. Førehandssal : Vik Meieri
Evt. ledige billettar i sal ved inngangen.
Arrangør: Sogn lokallag av Fortidsminneforeninga
PS! Den gjenskapte Hovemadonnaen vert og til stades!

Saksofonisten Tore Brunborg sine kraftfulle tonar møter akkordeonisten Irene Tillung sitt vitale spel. Samspelet er varmt og energisk på same tid, det skapar rom for sinnsro og ettertanke men er óg ope for det meir spontane og leikne. Brunborg er ein av landets mest ettertrakta saksofonistar, og har samarbeidd med m.a. Manu Katche, Arild Andersen og Tord Gustavsen i tillegg til sine faste grupper Masqualero, Moment og Oslo 13.

Tillung har røter innan klassisk- og samtidsmusikk, men har og ein fot i folkemusikken. Ho jobbar no som komponist og utøvande musikar, og har turnert med Tindra, MAAR, Boreas, Eli Storbekken og med sitt eige timannsensemble Ti på Taket. 

Duoen hadde sin fyrste konsert sommaren 2019 på Voss, der dei begge er oppvaksne. Samspelet sat frå fyrste tone, og avisa Hordaland hadde dette å melde etter konserten i Finnesloftet:  "..det var ein intens nerve i musikken frå fyrste tone. Ein intensitet som aldri let seg gjenskapa, som er der og då." Dei har sidan den tid turnert over store delar av Sør-Norge, og vitjar pinseafta Vik og Hove steinkyrkje i samband med Gamalostfestivalen.



Ekstern: Betal med Vipps
Lat att