I samarbeid med

vikil gamalostlaget

MEIR TYLESKAP

Bokslepp

Tidspunkt for arrangement: 12:00, 4. juni 2022
Oppslag

Midt under Gamalostfestivalen vert bokslepp på Jens Brekke si nye bok Meir tyleskap som kjem ut på Selja Forlag.

Jens Brekke er ein meister i å lytte og å sjå historier i det som hender rundt han og kvart år kjem han med nye utgåver av heftet Illustrert tyleskap, der han på breitt «sognamaol» fortel korte og lange stubbar. I denne boka er dei beste historiene frå dei ti siste årgangane (inkludert det som kjem til hausten), «omsette» til nynorsk. Mange av dei illustrerte av visesongar og forfattar Ola Bremnes.

Tone Merete Lillesvangstu er bokbadar og konferansier for arrangementet ved Vik Meieri laurdag 4. juni klokka 12. Her vert det gode historier, song og musikk. Etter programmet er det boksal og signering.


Lat att