Gamalosten

Vik er einaste staden i Noreg, og dermed heile verdi, der det vert produsert gamalost.

Publisert: 11. mars 2022 17:58
Framsida

Gamalost er ei merkevare for Vik, og det er då naturleg med ein festival til ære for gamalosten. Gamalost er ein svært helsesam ost, osten inneheld under 1 % feitt, mykje protein og er utan salt eller andre tilsetjingsstoff. Gamalosten er laga av sur skummamjølk og kan seljast etter 10-14 dagar. Osten kan og frysast. Vil du ha lågt blodtrykk og lågt kolesterolinnhald 1 blodet, så et gamalost. Osten inneheld store mengder vitamin K2, som er godt for blodtrykket, hjarta og beinbygnaden. Osten inneheld og kitosan, som reduserer kolesterolinnhaldet.

Festivalen blir arrangert i slutten av mai eller tidleg juni. Fleire gonger har festivalen vore arrangert I pinsehelgi. Det er då mange arrangement frå fredag til måndag, i 2015 hadde ein og arrangement på torsdag. Festivalen har gått seg til med festkveld på fredag i Vikjahalli, dansar både fredag og laurdag, frukost på Vikøyri på laurdag, høgdegalla, seminar, gamalostting, musikk, buer, turar og frå 2015 eit eige spel, Guhaugspelet, ved Hove kyrkje.

Det kjem mange tilreisande til Vik denne helgi, og det betyr mykje for arrangørane, Vik Musikklag og Vik Idrettslag, og for hotellet, campingplassane, kafé- og pubeigarar og handelsnæringi.

(Teksten er frå boka; "Vik Kulturhistorisk Vegvisar" av Arne Inge Sæbø)


Lat att