Det er igjen tid for folk å samlast og ha fine opplevingar saman på Gamalostfestivalen.
Foto: Olav Vikøren
Endeleg, etter to år pause, vert det Gamalostfestival igjen. Same stad og same gode stemning.
I løpet av våren 2022 har me samla saman informasjon for det kommande festivalen og prøvd å ta med bilete og anna frå tidlegare festivalar.
Me vonar det vert ein flott festival for fastbuande og tilreisande, frivillige, deltakarar og gjester.
Her er alle velkomne.
Ta kontakt for spørsmål eller sjå etter kontakt person for arrangement osv. i artiklar ein finn under "Oppslag".
Fastsett festival program for Gamalostfestivalen 2022. Vel arrangement for meir informasjon og betaling.
Påmelding, informasjon og anna som gjeld for Gamalostfestivalen 2022.
Me starta med nye nettstaden i år og har noko foto og video materiale, men ønskjer meir. Ta difor kontakt om du har bilete eller video frå tidlegare festivalar som kan nyttast her på nettstaden til Gamalostfestivalen.
Vonar det blir ein flott festival dette året og at me får samla inn mykje bilete og video, men det er heilt sikkert mykje bra materiale frå tidlegare festivalar som kan verta til glede for fleire. Og kanskje har du nokre bilete eller video du ønskjer å dela?
(Bileta ein ser her er teken av Svein Harald Lilleøren)
Ta gjerne kontakt med oss på epost eller via kontakt skjema ein finn under kontakt.
Kontakt: Lars K. Hansen via epost: support@gamalostfestivalen.no