Nyopning av Kristianhus vert markert med starting av gamle motorar og underhaldning med visesang av Hilmar "Bussi" Karlsen Rosenborg, samt trekkspillmusikk og torader med " Kalle Jularbo" alias Jan T karlsen. " Jan torader".
I andre etasje Kristianhus er det laga ei utstilling om dei båtreisande i samarbeid med etterkommarar frå Børefylgje som haldt til på Vikøyri. Under Gamalostfestivalen er alle velkomne innom Kristianhus til å sjå utstillinga, ta ein prat med etterkommarane og få med underhaldning med Bussi og Jan Torader.
MS Arnafjord kjem til å ligge ved brygga.
Det vert mogleg å besøke heile samlinga og båten MS Arnafjord.