Fotosal

Publisert: 7. april 2022 20:33
Oppslag

I Inger Randi-butikken vert det sal av foto og fotoutstilling på laurdagen under Maria-markeringa og Gamalostfestivalen. Våre lokale fotografar Helge Grønningsæter, Thomas Morel, Arild Thingvoll og Kjell Vikestad vil syna fram og ha sal av sine bilete. Helge har både kunst- og landskapsbilete. Fotoa kan og bestillast.

Der er og høve til å kjøpa lokalhistorisk litteratur frå Vik, både bøker og Pridlao.
R. Johnsen Galleriet har ingen faste opningstider. Men det er berre å ta kontakt om du vil sjå nærare på bilda. Det er hyggjeleg for oss å vise fram bilda våre. Ingen kjøpeplikt! Ta kontakt med Helge Grønningsæter, mobil 91885878.

Nettsider:

@johnsengalleriet; kav.smugmug.com, helgeg.smugmug.com, thomas morel photography og vikjakunst.no.



Ekstern: vikjakunst.no
Lat att