I samarbeid med

vikil gamalostlaget

Kristianhus

Nyrenovert bygg og eiga markering

Tidspunkt for arrangement: 11:00, 4. juni 2022
Oppslag

Nyopning av Kristianhus vert markert med starting av gamle motorar og underhaldning med visesong av Hilmar "Bussi" Karlsen Rosenborg, samt trekkspillmusikk og torader med " Kalle Jularbo" alias Jan T karlsen. " Jan torader".

I andre etasje Kristianhus er det laga ei utstilling om dei båtreisande , i samarbeid med etterkommarar frå Børefylgje som haldt til på Vikøyri. Her er det samla mykje historie og gjenstandar frå dei reisande. Under Gamalostfestivalen er alle velkomne innom Kristianhus til å sjå utstillinga, ta ein prat med etterkommarane og få underhaldning med Bussi og Jan Torader.

Det vil også bli opning av utstillinga "Det Blå Rommet" frå Firda Seafood.

Markeringa er under Gamalostfestivalen, laurdag 4 juni klokka 11:00.

Det vert mogleg å besøke heile samlinga og komme ombord på MS Arnafjord, då denne kjem til å ligge ved brygga.

Kristianhus er blitt renovert i løpet av 2021 til 2022.

I båtmotormuseet Kristianhus har det vorte bygt og endra ein del både ute og inne denne våren. Det er difor klart for nyopning på laurdagen under Gamalostfestivalen. Vik har mangla offentlege toalett, og i Kristianhus er det no tre toalett med eigen inngang frå sida mot badestranda. Det er meininga at badande skal kunne nytta toaletta, i tillegg til turistar og besøkjande.

Det er komme gangveg på austsida av Kristianhus, og der er lagt stein på nordsida mot fjorden. Når cruiseturistane kjem til Vik skal dei losast gjennom bygningen, og bussane som skal frakta dei vidare skal ikkje vera stasjonerte ved Kristianhus. Dei vil stå på parkeringsplassen ved Kommunehuset.

Turistinformasjonen hr blitt flytat frå Breilid-butikken til Kristianhus og er til høgre når ein kjem inn døra frå parkeringsplassen. Der er det no vorte rydda der det før var ein slags verkstad. På Turistinformasjonen vil det bli selt is frå Alm gard, gamalost og jus frå Vik Meieri, lokallitteratur frå Vik og seinare på sommaren jordbær. Her kan og andre lokale produsentar få innpass.

Her vil og bli ein utstilling og info-stand om norsk oppdrett og moderne kystkultur. Stiftelsen for Kristianhus har fått Firda Seafood som eig anlegget på Tenne til å stå for dette. Utstillinga vil bli ferdig i juni. Det vil bli bilete og filmar, og der vil vera ein stor laks i tre.

Ein verkstad er her framleis, det har vore nytta av skuleelevar som har valfaget Praktisk arbeid. Dei har reparert syklar og skrudd på motorar. Verkstaden har fått 10000 kr hjå Vik Lions til dette. Det er planar om at der skal bli ope ein kveld i veka der ungdomar kan koma saman og reparera og fiksa. Det er vorte sett inn ei varmepumpe, og det er komme ei ny dør. Golv er vorte måla, og nokre andre utbetringar.



Ekstern: kristianotterskred.no
Lat att