Kulturkveld i Vikjahalli 2

Fantefolk med "Lurleik"

Tidspunkt for arrangement: 20:30, 3. juni 2022
Festival program

Fantefolk har to førestillingar i Vikjahalli på fredag under Gamalostfestivalen.

Gruppa Fantefolk frå Voss og Vik blei starta i 2019. Førestillinga "Lurleik " handlar om det dramatiske livet til diktaren Per Sivle.
Dikt, stubbar og soger, samt livet til Sivle, blir fortalt av Sivlekjennar Jens Brekke, som også spelar storskrytaren Kolbein Hausa.
All musikken til Sivle sine dikt er arrangert av musikarane i gruppa, der Kåre Nytun er leiar.
Ei førestilling med veldig spennvidde som varer 1 time og 20 minutt.

Desse er med:
Kari Finne Sognnæs - Song
Irene Tillung - Accordion
Trond Matre - Kontrabass
Kåre Nytun - Gitar
Jens Brekke - Forteljar

PS. Irene Tillung (accordion) vann Vossajazzprisen for 2022. Me gratulerer.



Ekstern: Betal med Vipps
Lat att