I samarbeid med

vikil gamalostlaget

Konkurranse

Rettar av Gamalost

Tidspunkt for arrangement: 10:00, 4. juni 2022
Oppslag

Har du di eiga oppskrift på kva Gamalost kan brukast til? Vis omverda korleis gamalost kan presenterast på ein ny og spanande måte!

Du kan verta den heldige vinnaren av Gamalostlagets konkurranse 2022! Bruk eigen fantasi, kombiner osten med spanande smakar så retten kan pirra smaksvortane og ganen til å nyta osten som snacks, til kvardags, turmat, kaffimat eller fingermat og fest. Bidrag frå barn, ungdom, vaksne og retteleg vaksne helsast velkommen. Om du vil delta kan du førehandsregistrere deg til konkurransen på Ostebaren frå 18. mai og få utdelt ein gratis kvarting med Gamalost. Dette bør du helst gjere i god tid før festivalen.

Laurdag 4. juni mellom kl. 10 og 11 kan du levere inn ditt bidrag på Ostebaren. Om du ikkje har registrert deg på føre hand blir du registrert no. Ditt bidrag vil bli tildelt eit nummer slik at dommarane ikkje får vite kva person som har laga kva. Vi vil gjerne at du skriv ned oppskrifta og leverer den saman med retten. Då kan vi legge ut bilete av retten din med oppskrifta ut på Gamalostlaget si heimeside!

Bidraga blir oppbevarte på kjøla fram til dommarane skal velje ut vinnarane. Vinnarane vil bli annonsert frå scena ved meieriet kl. 13:45. Vinnarane vil bli premierte. Alle rettane som har kome inn til konkurransen vil bli presenterte i teltet til meieriet rett etter kåringa. Ein vil kunna kjøpe smaksprøvar av rettane for ein symbolsk pris. Inntekta går til Norsk Gamalostlag.

Fylg elles med på heimsida til Gamalostlaget, lenkje finn du under. Du kan og sende epost til Gamalostlaget .


For påmelding eller informasjon, kontakt: Gamalostlager via epost: post@gamalost.no


Ekstern: gamalost.no
Lat att