I samarbeid med

vikil gamalostlaget

Tingsete i Norsk Gamalostlag

Årsmøte

Tidspunkt for arrangement: 16:00, 7. juni 2025
Festival program

Saker kan meldast inn til tingsetet, men det må skje innan 26. mai til: post@gamalost.no.

På tingsetet vil ein gå gjennom kva det har vore jobba med i året som har vore, i tillegg til vanlege årsmøtesaker. Det blir val og har du lyst å vera med i styret er du velkomen. Me oppmodar også i år alle som kan og vil stilla til val slik at me sørger for ostens framtid. Sakliste er årsmelding, val og evt innkomne saker.

Både medlemer og andre kan delta på årsmøtet. Påmelding på Gamalostlaget sin stand framfor meieriet under Gamalostfestivalen. Om du ikkje rekk å melda deg på før, er du meir enn velkomen til å møta likevel. Deltakaravgift for ikkje-medlemer er kr 300. Det gjev automatisk medlemskap i Norsk Gamalostlag og 200 kr av deltakaravgifta går som årskontingent for 2025. Deltakaravgift for medlemer er 100 kr. For påmelding eller meir informasjon, kontakt Gamalostlaget via e-post: lei@gamalost.no eller Aud Slettehaug tlf 47375739

Merk og Fredagskafeen på Blix hotell fredag 6. juni kl 1130


For påmelding eller informasjon, kontakt: Gamalostlaget via epost: post@gamalost.no


Ekstern: gamalost.no/no/bli-medlem
Lat att