I samarbeid med

vikil gamalostlaget

Tingsete i Norsk Gamalostlag

Årsmøte

Publisert: 11. mai 2022 10:20
Oppslag

Norsk Gamalostlag held Tingsete (årsmøte) under Gamalostfestivalen. I tillegg til vanlege årsmøtesaker vil vi mellom anna presentere laget si nye heimeside, Facebook-sida og bruken av Instagram. Det vert kultur og vidare underhaldning med multitalentet Henning Rivedal og ein matbit attåt. Fylg med på
gamalost.no for meir detaljar om programmet. Både medlemer og dei som elles vil kan delta på årsmøtet.

Påmelding på Gamalostlaget sin stand framfor meieriet under Gamalostfestivalen.

Deltakaravgift for ikkje-medlemer er kr 300. Desse blir automatisk medlem i Norsk Gamalostlag og kr 200 av deltakaravgifta blir brukt til årskontingent for 2022. Deltakaravgift for medlemer er kr 100.


For påmelding eller informasjon, kontakt: Gamalostlaget via epost: post@gamalost.no


Ekstern: gamalost.no/no/bli-medlem
Lat att