I samarbeid med

vikil gamalostlaget

Utekonsert Nytorget

Gunnslingers og Ein Te

Tidspunkt for arrangement: 21:00, 4. juni 2022
Oppslag

Ein Te er vårt eige lokale band og skal spela på utekonserten på laurdag. Med i bandet er Øystein Moseng, Birger Sjømæling Andresen, Geir Utmo, Geir Svendsen, Håkon Nummedal, Jan Henning Aase og Reidunn Bolstad.
Ein Te og Gunslingers held utekonsert på laurdagskvelden.

Gunslingers (eng: Revolvermenn) er eit norsk pop-country-band med rot i Tørvikbygd i Hardanger. Songane er på Hardanger-dialekt med ein god dose humor, og dei fleste er skrivne av vokalist Frode Måkestad.

Bandet starta sin karriere i 2008 med sitt første musikkalbum Norwegian Honky Tonk. Alt ved utgangen av same år hadde bandet klart å bli godt kjent, og spelte både på Seljord og Breim den sommaren. Populariteten steig raskt, og i 2009 stod bandet på scenen både på Vinstra og Seljord på countryfestivalane der. Bandet gav ut sitt andre album, Ein skål te i juli 2009. Vidare har Gunslingers stort sett gjesta Seljord kvart år.


Lat att