I samarbeid med

vikil gamalostlaget

Vik Songlag

Konsert i Vikjahalli

Tidspunkt for arrangement: 19:00, 28. mai 2023
Eldre artiklar

Vik Songlag rundar i 2022 heile 155 år, men alder er inga hindring, heller ikkje for songkoret som no bokstaveleg tala opplever ein ny vår. Både i form av nye dirigentkrefter og nytt repertoar, men ikkje minst fordi fleire nye songglade medlemmer har dukka opp på øvingane våre.

Dei frivillige sin innsats skal markerast i 2022. Frivillige sitt arbeid for kulturlivet er generelt sett av stor verdi, men ekstra viktig nett no som kulturlivet skal opp å gå att etter pandemien. Vik Songlag, har til liks med dei fleste andre kor, hatt lange periodar utan øving under pandemien, og satsar no på auka motivasjon for korsong ved å nytte profesjonelle dirigentkrefter. For å få koraktiviteten opp att, men ikkje minst for å rekruttere fleire unge korsongarar. Det ser me ut til å lukkast med. Me er for tida rundt 30 koristar i alle aldrar på øvingane, og då er gjerne 8-10 medlemmar fråverande av ulike grunnar. Det er særleg kjekt, at av koret sine no nesten 40 medlemmer, er det fleire unge songarar som vil synge i blandakoret.

Dirigent Tom Jarle Istad Kristiansen, er profesjonell kordirigent, og dirigerer kor i Kristiansand, i regionen rundt Voss og altså her i Vik. Under hans leiing fekk me gjennomført to flotte julekonsertar før jul, i Vik kyrkje og Fresvik kyrkje. Tidlegare har me hatt konsertar saman med andre kulturaktørar i kommunen, men no hadde koret eit fullverdig konsertprogram åleine – med eigne solistar. Veldig kjekt!

Dirigenten vår er oppteken av at koret skal finne si form og samhandling med han som dirigent. Det blir fleire konsertar framover, m.a. under Gamalostfestivalen. Vidare vil me markera dei frivillige sitt år gjennom kor- og konsertprosjekt til hausten. Styret ynskjer og å bidra til at koret vert ein arena for mangfald og inkludering. Me ynskjer at alle innbyggjarar i kommunen vår, skal ha tilbod om å synge i kor, og vil i planlegginga av seminar og konsertar, ha eit særleg fokus på korleis me kan legge til rette for yngre og for innvandrarar som kan tenkje seg å synge i kor. Ved å arrangere ulike seminar og konsertar, ynskjer me og å vise fram kva koret kan tilby av opplæring, aktivitetar, sosialt fellesskap og tilhøyr i kommunen vår.

Koret øver annankvar torsdag i Vikjahalli- alle songglade er hjarteleg velkomne.

Vel møtt til konsert i Vikjahalli 1. pinsedag!



Ekstern: Bilettsal
Lat att