I samarbeid med

vikil gamalostlaget

Stand Up

Stand up på Blix hotell m/ Raymond Falldalen

Tidspunkt for arrangement: 22:30, 31. mai 2024
Festival program

På fredagskvelden under Gamalostfestivalen blir det stand up-show på Blix hotell. Etter at ein har vore på Kulturkveld i Vikjahalli, kan ein ta turen til Blix hotell og få med seg vår eigen stand up – artist frå Feios, Raymond Falldalen.

Raymond som er frå Holmestrand og sambuaren Gunnhild Grøthe Rinde flytta frå Åsane til Feios for tre år sidan og satsar hundre prosent på stand up. Dei var spente før premieren her i Sogn, som var på Hermansverk. Korleis er det med humoren på bygda, lurte dei på. Men det gjekk bra, og responsen var over all forventing. Fleire show i Sogn har det og vorte, bl.a. i Feios, Sogndal, Lærdal og Høyanger. Raymond opptrer både åleine og med andre stand up-artistar. Raymond skriv og tekstar for dei andre som han opptrer saman med. Han har og ei humorspalte i bladet «Transportmagasinet».
Ca 80 show blir det for året, så det vert mykje reising. Etter showa er det godt å koma heim til rolege Feios. Gunnhild har fortalt om fyrste showet i Feios: Ein kjempekjekk kveld med fire generasjonar i salen. For oss var det stor stas med det flotte aldersspennet. Og det er slik at stand up er for alle som har lyst til å le, ein er blir aldri for gamal for slike kveldar.
Under Gamalostfestivalen blir det premiere på soloshowet: Ng i oppførsel. Sjå annonse.
Kontaktinformasjon: Nettside: www.hillevents.no Instagram: rayrayfall Facebook og tlfnr: 40540285. Ein kan bestilla både stand up eller konferansier.
Raymond Falldalen og Gunnhild Grøthe Rinde har flytta frå Bergen til Feios. Slik har Feios vorte stand up-bygdi i Sogn.



Ekstern: Bilettar
Lat att