I samarbeid med

vikil gamalostlaget

Kulturkveld 1

Variert program

Tidspunkt for arrangement: 19:00, 31. mai 2024
Festival program

Jenny Marie (27) tek turen frå Hammerfest – på besten si rekning - for å syngje på kulturkvelden. Då besten Edvin tykte ho burde opptre på kulturkvelden under Gamalostfestivalen, var ikkje Jenny Marie Skjerven tung å be. Sjølv om ho må syngje på norsk!
• Eg trur det er nesten første gong eg syng norsk. Stort sett syng eg på engelsk. Men det skal gå fint. Eg har plukka gode songar, seier Skjerven.
Ho har sunge så lenge ho kan hugse, og som vaksen har ho byrja å ta songoppdrag når tida tillet det. Til dagleg jobbar ho som sosionom i kriminalomsorga. Som etternamnet fortel, har 27-åringen sterke slektsrøter i Vik. Faren heiter Jarle, og besteforeldra Edvin og Kirsten. Og det var nettopp besten Edvin som kom opp med ideen at ho kanskje kunne ta turen til Vik og syngje.
• Eg song på ein Redd Barna-konsert i Hammerfest før jul, som vart filma. Vi feira jul i Vik, og då besten fekk høyre og sjå videoen, kom han med ideen om kulturkvelden, seier Skjerven.

Langt og lengre enn langt
For arrangementskomiteen var det ei lett avgjerd å takke ja til eit songinnslag frå Skjerven etter å ha høyrt songprøve. Og besten Edvin lova å sponse flytur. For det er ikkje gjort i ei handvending å ta turen frå Hammerfest til Vik.
For dei som ikkje er heilt lokalkjende på Noregs-kartet, kan me opplyse at Hammerfest ligg omtrent så langt nord som du kan komme, og er både kommune og by i Finnmark. Skal du køyre bil frå Hammerfest til Vik, er kortaste og kjappaste vegen via Sverige, 2160 kilometer, som du kan gjere unna på 29 timar i bil – og då er det utan dostogg og matpause.
• Det må fly til, for å seie det slik, seier Skjerven.
Satsar på to fulle hus
I tillegg til song frå Jenny Marie vartar gode lokale og semilokale krefter opp med eit knakande godt program under kulturkvelden i Vikjahalli under Gamalostfestivalen.
• Det er berre å varme opp lattermusklane, for me lovar god stemning heile vegen, seier konferansier Tone-Merete Lillesvangstu.
Kulturkvelden i Vikjahalli har lange tradisjonar, og fredagens to førestillingar trekkjer alltid fullt hus, og vel så det.
• Kulturkvelden er svært innarbeidd, og nettopp difor har det vore både spennande, men også krevjande å jobbe med årets program. Me ønskjer sjølvsagt å innfri forventningar, men samtidig vil me også overraske litt, seier Lillesvangstu.
Viser breidda til fulle
Saman med programansvarleg Jens Brekke har ho snikra saman eit halvannan times langt program, som forhåpentlegvis treffer publikum godt.
• Årets program byr på glitrande kulturinnslag med både song og spel, men også revynummer og sketsjar som eg trur eg kan seie at folk knapt har sett maken til før, seier Jens Brekke, og får støtte av Lillesvangstu.

• Kulturlivet i Vik er rikt! Veldig mange er veldig gode på veldig mykje! Eg vågar å påstå at det er få bygder av Vik sin storleik som har eit så variert kulturliv på så høgt nivå som Vik. Ekstra flott er det at me kan få vise fram ein liten bit av det på kulturkvelden, seier Lillesvangstu.
Visjon Tyleprat opptrer live
Mange kjenner facebooksida Visjon Tyleprat, som brørne Trym og René Haugen frå Vik står bak. Kjem du på kulturkvelden, får du oppleve dei i fri dressur på scena.
• Dette blir andre gongen dei syner fram konseptet Visjon Tyleprat «live», og ikkje i videoformat som dei gjer på Facebook! Dei har skodespel i blodet, begge to, så her er det berre å gle seg, seier Lillesvangstu.
Revygruppa Øyrakjeringane held framleis koken. Denne gongen har dei dramatisert Hulda Garborg-stykket «Rasjonelt fjøsstell» – med eit nyskrive tillegg anno 2024. Det er ikkje berre-berre å komme att til heimbygda, full av nye tankar og idear etter utdanning «ute i verda».
• Kanskje har ikkje så mykje endra seg frå 1898 og fram til i dag, som ein skulle tru, seier Brekke.
Dei åtte driftige songkunstnarane Gygrene lovar både spenstige og melodiøse innslag. Og Ragnar Hove har lova å deklamere eitt av Tone-Merete sine favorittdikt – sjølvsagt av Jakob Sande.
• Me håpar publikum går ut frå kulturkvelden litt gladare, kvikkare og stoltare av å vere vikje enn før dei kom, seier Lillesvangstu.


Programleiar på Kulturkvelden Tone Merete Lillesvangstu.

Jenny Marie Skjerven kjem frå Hammerfest til Vik for å syngja. Faren heiter Jarle og bestefaren Edvin.

Gygrene blir og med på Kulturkvelden.



Ekstern: Bilettar
Lat att