Dette landskjende og internasjonalt kjende jazzbandet kjem til Vik under Gamalostfestivalen og skal halda konsert i Vik kyrkje laurdag 1. juni kl 18:00. Me er med andre ord sikra topp kvalitet.
Magnolia Jazzband vart etablert i 1972 og spelar New Orleans-basert tradisjonell jazz blanda med gospel og rhythm and blues. Men dei spelar og evergreens, blues og norske folketonar.
Bandet blei starta av trombonist Gunnar Gotaas og er i dag eit av Noregs eldste band i kontinuerlig drift. Anten det er på konsert, til fest eller i ei kyrkje, så har Magnolia alltid med seg sin heilt spesielle ”beat” og sin varme ”sound”.
Magnolia Jazzband har turnert bl.a. i Danmark, Sverige, Finland, Tyskland, Sveits, Nederland, Belgia, Frankrike, England, Spania, Italia, Russland, Singapore, Dubai og Colombia. I 2012 blei bandet invitert til å spela på USAs største jazzfestival - New Orleans Jazz & Heritage Festival. Musikarane i Magnolia Jazzband har gjort fleire pilegrimsferder til New Orleans, jazzens fødeby, og nokre av dei til saman 14 platene bandet har gjeve ut er spelt inn nettopp der.
Bandet har i mange år halde ein populær jazzkonsert i Oslo Konserthus.
Bandet har av og til med seg songsolistar, bl.a. Topsy Chapman, Lillian Boutté, Majken Christiansen, Karin Krog, Anne Marte Slinning, Marith Endresen, Tracee Meyn og Harriet Müller-Tyl, og har også samarbeida med artisten Adam Douglas.
Ei plate som sette spor var New Orleans Gospel in Molde med Lillian Boutté (1981). Det gjorde og Old Fashioned Love (2016). Bandets nyaste innspeling er Salige Stund - Hymner fra Skandinavia (2020).
Med i bandet
Anders Bjørnstad - trompet
Georg Reiss - klarinett/altsax
Gunnar Gotaas - trombone
Morten Gunnar Larsen - piano
Børre Frydenlund - banjo/gitar/vokal
Sebastian Haugen - kontrabass
Torstein Ellingsen - trommer