I samarbeid med

vikil gamalostlaget

Ein te og Halva Priset

Konsert på Nytorget

Tidspunkt for arrangement: 21:00, 1. juni 2024
Festival program

Utedans på Torget laurdag 1. juni kl 2100

Musikk ved Halva Priset og Ein Te

Halva Priset
Du har sikkert høyrt på radio eller kanskje du har dei på spelelista di, låtane «Den fineste Chevy’n» og «Konge på bøgda». Bandet bak låtane kjem til Vik under Gamalostfestivalen og skal spela på utedansen på Torget på laurdag. Alt ligg til rette for kjempestemning og god musikk.
Halva Priset er eit norsk partyband starta av Petter Bjørklund Kristiansen, betre kjent under artistnamnet Katastrofe. Dei andre i bandet er Emil Haglund, Hans Marius Indahl, Lars Støvland og Andreas Nordange.
Bandet fekk sitt store gjennombrot i 2021 med låten «Den Fineste Chevy'n», med Maria Mena som gjestevokalist. På Spotify blei låten årets største norske sommarhit i 2021, den enda på førsteplass på VG-lista og blei i februar 2022 nominert til Spellemannprisen 2021 i kategorien årets låt.
Bandet prisar livet på bygdene og bygdafolk, dei elskar det som er betre utanfor Oslo: Festane, naturen, musikken, folki, bilane og butikkane. Slik sett passar det godt at bandet kjem til Vik og sikkert vil bli fascinert både av naturen, landskapet og folki.
Petter har sagt: «Jeg er født og oppvokst i Fredrikstad, mellom to bondegårder, i et skogholt i Onsøy – at jeg savner og skal tilbake dit, tror jeg man hører ganske godt i låtene. by:Larm, selvdyrket veganermat fra Grünerløkka og månedskort på trikken blir for meget for en enkel Østfolding. Og, ja – Østfolding. Ikke noe Viken-tull. Østfold heter det».

Ein Te
Vårt lokale band skal spela på torget under Gamalostfestivalen, laurdag 1. juni. Dei skal spela før Halva Priset kjem på scenen. Alt ligg til rette for ein kjempekonsert og kjempeoppleving på Vikøyri denne laurdagen. Me høyrde dei sist under musikklaget sin 90-års konsert, og me vart alle imponert over nivået til våre eigne.
Alle har musikken som hobby og sidan alle er i full jobb blir det lite av spelejobbar utanbygds. Dei har spelt til dans nokre gonger på Blix hotell og nokre bryllaup og private tilstellingar har det og vorte.
I bandet er Øystein Moseng, Birger Sjømæling Andresen, Reidunn Bolstad, Geir Svendsen, Geir Utmo og Håkon Nummedal. Det er fem frå Vik og Håkon er ny trommeslagar busett på Voss.
Me kryssar fingrane og ber om godt og varmt ver, det kan ikkje bli dårleg ver to år på rad.



Ekstern: Bilettar
Lat att