I samarbeid med

vikil gamalostlaget

Agentbåten MS «Arnafjord»

Sommaren 2024

Publisert: 1. mai 2024 09:48
Oppslag

«Agenten» vert ogso i år å finna ved kai i Vik frå tidleg mai og utover sommaren. Etter diverse utbetringar på motoren i 2023, er båten no klar for nye eventyr. For kvart år har båten vorte meir og meir populær til småturar. Bedrifter og lag, men ogso familiar, har leigd båten for turar rundt om i Sogn. Populære reisemål for småturar har vore Finden, Arnafjorden, Balestrand og Fjærland.
Om bord i MS «Arnafjord» har tida stått stille, alt er som det var i 1937. Salongen og agentlugaren er det svung over. Sameleis maskinrommet med den 2 sylindra 50 hk «Rubben», som er ein oppfyringsmotor med luftstart frå 1937.
Båten vert å finna ved bryggja i Vik under Gamalostfestivalen og Bringebærfestivalen.
MS «Arnafjord» er tilgjengeleg i Sogn frå mai til medio august, og i Bergen frå medio august og utover hausten.
For prisar/bestilling av turar i Sogn, kontakt Morten på tlf. 916 13 271, og for turar i Bergensområdet, kontakt Per Jarle på tlf. 916 41 944.
God sommar!

Helsing mannskapet på MS «Arnafjord»


Lat att