”Fram dansar ein haugkall”
Når haugkallen kjem dansande, då er det teikn på ustyrleg gleda hjå dei underjordiske. Toppen på optimisme er det når haugkallen set gullring i håret og prøver seg på eit frieri, og vil lokka Veslemøy med seg inn i haugen. Der skal ho få sitja brur, i silke og sylv so det bragar – å hildrande du! Og haugkallen i år er sjølvaste Ragnar Hove. Og før haugkallen har fått pynta seg ferdig, er det Ottar Wiik som syng innleiingi.
Frå teatergruppa i Vik Ungdomslag er det Hilde Espeland som skal lokkast inn i Blåhaugen.
Vidare får de oppleva folkeeventyret ”Kjerringi mot straumen”. Eventyret er nedskrive av sjølvaste Peter C Asbjørnsen i Hafslo 1847. Med andre ord er det ei sognakjerring som er førebilete for dei stride kjerringane i ettertid, eller sagt med Andre Bjerke sine ord
Hun er av dem jeg gjerne vil kjenne,
Det beste i oss er i slekt med henne.
Teatergruppa til Vik Ungdomslag tek seg av dramatiseringane på kulturkvelden.
Gamalostmisjonær Kristin Gluck-Evensen fortel frå misjonsmarki, der alt for mange et gulost.
Gunhild Brekke syng oss gjennom ”Eg ser deg utfor gluggen”. Det handlar om eit trekantdrama, eit av dei ”finaste” i folkemusikken vår. Melodien går både i moll og dur. Ungdomslaget si songgruppe er med på omkvede. Elles syng Kammerskoret til opning. Programleiarar for kulturkvelden er Gjertrud Samland og Turid Brekke. Til slutt syng Kammerskoret oss ut i sommarnatti!
Vel møtt til kulturkveld fredag 6. juni. Som vanleg køyrer me to framsyningar, kl 19 og 21, og med Gamlekara som oppfyringsband til begge førestillingane. Billettsal gjennom Gamalostfestivalen føreåt.