I samarbeid med

vikil gamalostlaget

Konsert m/Mari Askvik m.fl.

Vikjahalli

Tidspunkt for arrangement: 20:00, 31. mai 2025
Festival program

Mari Askvik på opningskonsert til Gamalostfestivalen

Mari Askvik hugsar du sikkert frå Madonnakonserten i Hove-kyrkja. I tillegg kom ho att etterpå, i lag med Kari Malmanger, med to flotte konsertar om Mariasongane våre. Før det var ho i Hove-kyrkja med konsertserien ”5 i stein”. Den serien gjekk i dei fem gamle steinkyrkjene i Sogn, Dale i Luster, Leikanger, Aurland, Kvamsøy og Vik. Kvar gong drog Mari Askvik fullt hus.

Mesteparten av oppveksten sin hadde Mari i Aurland, der faren var prest, og ivrig medlem i Aurland spelemannslag. Seinare vart faren prest på Leikanger. Mari tok høgaste utdanning i klassisk song, og har vore ettertrakta på store konsertar i inn- og utland.

No har Mari Askvik fått statens kunstnarstipend. I det høvet tek ho songtimar hjå dei flinkaste folkesongarane våre. Såleis er gamle folketonar frå Sogn under lupa, seier ho.

Med seg har ho 4 musikarar på strenginstrument, gamle strenginstrument. Det er Ingrid Økland på hardingfele og barokkfiolin. Ho har også statens arbeidsstipend for kunstnarar, for å fordjupa seg i musikken. Med andre ord får me gjesting av to av våre fremste nasjonale musikarar, så flinke musikarar, at staten tek ansvar for å lyfta dei endå lenger fram.

Vidare kjem Mari Giske, på barokkbratsj. Ho har utdanningi si frå Nederland, og har åtte år som frilandsmusikar i London, no spelar ho i Vik, på nyslipt golv i Vikjahalli.

Gunnar Hauge på barokkcello. Vanlegvis fartar han rundt i inn og utland med celloen sin. Det er mange som vil ha han med seg i samspelet sitt. No er det me i Vik som er så heldige.

Thomas Boysen spelar lutt. Er du usikker på kva lutt er, så er det yndlingsinstrumentet til Jakob Sande. Sjølv spelte han lutt i staden for gitar. Thomas fartar til vanleg rundt heile kloden med lutten sin, med konsertar i USA, Mexico, Cuba, Hong-Kong, Sør-Korea og Europa. Han har vore med på over 60 plateinnspelingar. Slå den du?

Heile gruppa kallar seg ”SØLV”. Folkemusikken vår og den gamle barokkmusikken har svært mykje til felles. Gjetargutane i Italia og Stølsheimen hadde dei same dyri og den same urørde naturen rundt seg. Det same hadde budeiene som lokka heim kyrne. Dette ”samspelet” er utgangspunktet og opphavet til denne konserten. Resten får du oppleva i Ungdomshuset helgi før sjølve festivalen. Dette er oppspel til sjølve Gamalostfestivalen. Musikarane kjem eins ærend til Vik for denne konserten. Billettsal i døri, eller gjennom Gamalostfestivalen, føreåt.

Tilskiparar er Vik Folkeakademi og Gamalostfestivalen



Ekstern: Betal med kort eller Paypal
Lat att