Heile tre band skal spela på torget laurdagen under Gamalostfestivalen. Det er gruppene Crashville og Krutrøyk og vårt eige Ein Te.
Crashville
Crashville er eit country/rock band frå Ørsta som spelar fengande bygdemusikk om fest og livet på bygda. Etablert i 2007 etter inspirasjon frå bl.a. Vassendgutane. Dei spelar eigne låtar og coverlåtar og skaper skikkeleg bygdefeststemning. Sommaren 2021 kom dei med singelen «Pøbel» med musikkvideo filma på Esso-taket i Ørsta. Dette vart deira fyrste hit. Bandet utgjer gutar som elskar livet på bygda, traktorar og slitne gamle Volvo 240`ar. Følgeskaren vert då og kalla Pøblar. Album: Fyrste reis frå 2011 og Bygdefest frå 2022.
Krutrøyk
Krutrøyk er og eit country/rock band frå Sunnfjord og etablert i 2000. Fyrste plata deira kom i 2023 og heiter og Krutrøyk, i 2006 kom plata Kuler og krutt og i 2009 Farande fant. Bandet har turnert store deler av Sør Noreg. Av låtar kan med nemna: Kallen med krag´en, Jaggu bli mi, Luta lei og Såg ei jente.
Ein Te
Vårt lokale band skal og spela på torget under Gamalostfestivalen, laurdag 7. juni. Alt ligg til rette for ein kjempekonsert og kjempeoppleving på Vikøyri denne laurdagen. Me høyrde dei sist under musikklaget sin 90-års konsert, og me vart alle imponert over nivået til våre eigne.
Alle har musikken som hobby og sidan alle er i full jobb blir det lite av spelejobbar utanbygds. Dei har spelt til dans nokre gonger på Blix hotell og nokre bryllaup og private tilstellingar har det og vorte.
I bandet er Øystein Moseng, Birger Sjømæling Andresen, Reidunn Bolstad, Geir Svendsen, Geir Utmo og Håkon Nummedal. Det er fem frå Vik og Håkon er ny trommeslagar busett på Voss.
Me kryssar fingrane og ber om godt og varmt ver.