Ved Vik meieri

Underhaldning, Gamalostkoking m.m.

Tidspunkt for arrangement: 12:00, 4. juni 2022
Festival program

Laurdag under Gamalostfestivalen vil det bli scene ved meieriet, der det vil bli musikk og intervju med gjester. Tone Merete Lillesvangstu, vangsnesing og kjend frå NRK Sogn og Fjordane, vil intervjua gjester om deira forhold til gamalost og kva gamalosten betyr for Vik.

Ragnar Hove skal koka gamalost på gamlemåten utanfor meieriet, og det vil vera musikalsk underhaldning. Storforbrukaren av gamalost, Henning Rivedal, og medforfattar av boka «Gamalost» og kjend frå duoen Geriatrigutane, tek del i underhaldninga ved meieriet.


Lat att