I samarbeid med

vikil gamalostlaget

Vassendgutane

Held utekonsert under Gamalostfestivalen

Tidspunkt for arrangement: 21:00, 23. mai 2026
Oppslag

Vassendgutane kjem til Vik

Laurdag 23. mai under Gamalostfestivalen blir det konsert og dans på Nyetorget med Vassendgutane. Dette bandet frå Ørsta er godt kjent sidan starten i 1996. Dei har med andre ord 30-års jubileum i 2026. Dei spelar det dei sjølve kallar «fest-country». Debutalbumet Pylse og konjakk kom i 2000, men gjennombrotet kom i 2005 med albumet Ungkar med dobbeltseng. Albuma har spesielle namn som Riskrem og entrekått, Festi ekje slutt og Hesteslepp.

Ein forventar stor stemning på Vikøyri den 23. mai. Mange av dei store slagerane har dei fleste av oss høyrt som Ungkar med dobbeltseng, Granada, Hjortejakt og Longt inne i en fjord



Ekstern: Billettar
Lat att